EDEN: Karen Maudal (22) Kristine Tveranger Stokka (37) og Monica Børresen (50) har starta ein kafé med mål om dele tru, sunn mat og fancy kaffi i hjartet av jærkommunen Klepp.
Helene Reite Uglem
Sa opp jobben og starta kafé: – Gud førte oss saman
På «Eden kafé smak og sjå» er det bibelvers frå golv til tak, og utanfor er køen lang.
Dei tre damene kjende kvarandre ikkje særleg godt frå før.
Men på kvar sin kant gjekk dei alle med ein draum om å starte kafé.
– Det var små drypp av «gudfeldige» samantreff som gjorde at vi tre kom saman. Det kjennest nesten for godt ut til å vere sant at vi sit akkurat her no, seier Kristine Tveranger Stokka (37)