Etter mi vurdering er situasjonen nå slik at KrF aller mest treng utvikla sin eigen verdipolitikk på ein fagleg sterk måte. Kombinerer vi nå røter og fornying på ein klok måte, trur eg fleire vil oppdaga at partiet har stort potensiale, skriv Karl Johan Hallaråker. På biletet ser vi KrF-leiar Knut Arild Hareide saman med Venstre-leiar Trine Skei Grande, tidlegare SV-leiar Kristin Halvorsen og Sp-leiar Liv Signe Navarsete. Foto: Terje Bendiksby / NTB Scanpix
Reservasjonsretten og politisk samarbeid
Sjølv er eg faktisk i sterk tvil om Venstre er eit aktuelt samarbeidsparti framover. I siste landskonferanse i KrF tok eg til orde for å følgja med utviklinga i Senterpartiet, skriv Karl Johan Hallaråker.
«Ein skal høyramykje før øyro fell av».
Utsegna høver godt når vi sist torsdag høyrde debatten i Dagsnytt 18 mellom KrF og Venstre sine representantar i helsekomiteen:
Nå må KrF roa seg ned (sic!), var Venstre sitt utgangspunkt.