Reiv ned De Kristne-plakater
Tre dagar fekk De Kristnes valplakatar hengje i Bergen før dei vart rivne ned. Førstekandidaten er ikkje overraska.
Tysdag ettermiddag hengte De Kristne opp sju store plakatar for partiet og førstekandidat Trine Overå Hansen på veggen i Forum rett ved Danmarksplass, Bergens mest trafikkerte kryss.
Natt til fredag var plakatane rivne ned. Bilete av Overå Hansen og slagordet «Partiet du savnet ved forrige valg» var drege ned i den våte asfalten.
Sinte på valbod