HØGSTERETT: I oktober i fjor møtte Päivi Räsänen i Høgsterett i Helsinki. Saka mot henne starta å rulle i 2019.
Markku Ulander / NTB
Räsänen nekta innreise til Storbritannia
– Det var eit ganske stort sjokk for meg, seier den kristne, finske politikaren.
Den finske parlamentarikaren har fortalt at Storbritannia nekta henne elektronisk reiseløyve (ETA). Det førte til at ho måtte leggje om reiseplanar for å unngå eit planlagd stopp i London, melder Helsinki Times.
Planen var å flyge tilbake til Finland frå USA via Heathrow, men ifølgje Räsänen trekte britiske styresmakter tilbake den automatiske godkjenninga nokre dagar før avreise.
Helsinki Times siterer i frå eit intervju Räsänen har gitt til den finske avisa Ilta-Sanomat. Der fortel politikaren at ho vart overraska over avslaget. Ho seier det ikkje var grunngitt.