KJØNNSDYSFORI: Finske forskarar har studert over 2000 pasientar som ønskjer å skifte kjønn. Illustrasjonsbilde.
Frederik Ringnes / NTB
Psykisk uhelse auka etter kjønnsbehandling
Hormon og kirurgi er ikkje beste medisin mot psykiske plager hos unge med kjønnsdysfori, i følge ny finsk studie.
Alvorleg psykisk uhelse er svært utbreitt blant ungdom som søkjer kjønnsbekreftande behandling, men dei ser ikkje ut til å bli betre av medisinske inngrep.
Snarare tvert i mot, viser omfattande finsk studie.
– Blant ungdommar som gjennomgjekk medisinsk kjønnsskifte, auka behovet for psykisk helsehjelp. Frå 10 prosent til 60 prosent ved feminiserande kjønnsskifte og frå 20 prosent til 55 prosent ved maskuliniserande, heiter det i artikkelen som psykiater Riittakerttu Kaltiala og medforskarane hennar står bak.