BRIKKANE PÅ BORDET: Erkebiskop av Canterbury, Rowan Williams meiner at brikkane som skal til for å løyse konflikten mellom dei liberale og dei konservative ligg på bordet. Han har under Lambethkonferansen teke til orde for ei global kyrkje med kyrkjesamfunn som er avhengige av kvarandre, men ikkje lagt skjul på at mykje arbeid står att før problema rundt homofilisaka er løyste.
Foto: Scanpix
Prøver å halde fløyane saman
Erkebiskop Rowan Williams lukkast med å hindre full splitting under Lambeth-konferansen. Men freden i den anglikanske kyrkjefamilien er skjør.
Konferansen vert halden kvart tiande år og vart avslutta i går. Ei rekkje saker har stått på dagsordenen, men den store spenninga har vore knytt til kva som skjer i homofilistriden. Erkebiskop Williams skulda i avskilstalen sin dei liberale kyrkjene i Nord-Amerika for å skape uro i det anglikanske fellesskapet.
Mykje arbeid
Williams meiner at brikkane som skal til for å løyse konflikten, ligg på bordet. Han har under konferansen teke til orde for ei global kyrkje med kyrkjesamfunn som er avhengige av kvarandre, men ikkje lagt skjul på at mykje arbeid står att før problema rundt homofilisaka er løyste, melder The Times.
Williams ønskjer å halde liberale og konservative samla gjennom ei rekkje prinsipp, kalla ei pakt, som skal gjelde for alle dei 38 provinsane i den anglikanske kyrkjefamilien. Pakta stiller krav til begge fløyane. Den anglikanske kyrkja i Canada har plassert seg på den liberale fløyen saman med Den episkopale kyrkja i USA ved å godkjenne velsigning av homofile parforhold, men må garantere å ikkje ta fleire slike steg. Dei konservative, som særleg er å finne i Afrika, må på si side love ikkje på eiga hand å innsetje biskopar som skal føre tilsyn med evangelikale kyrkjelydar i liberale bispedøme i andre land.
Boikott
Alvoret i situasjonen hos anglikanarane vart synleggjort ved at rundt 230 biskopar, omlag kvar fjerde på verdsbasis, valde å halde seg borte frå Lambeth-konferansen. Dette gjorde dei i protest mot at biskopar frå Den episkopale kyrkja i USA som var med på å innsetje den homofilt samlevande Gene Robinson som biskop i New Hampshire i 2003, var inviterte til å delta. Mange av dei konservative biskopane slutta i staden opp om Gafcon-konferansen i Jerusalem i juni.
Verdifullt
Under konferansen har det vore lagt vekt på å føre dialog og byggje gode relasjonar for å skape forståing og samkjensle. Biskop Trevor Mwbamba frå Botswana er ein av dei som meiner dette har vore vellukka:
- Der var ei veksande kjensle av einskap, ei kjensle av at vi har mykje felles, seier han til The Times.
Ei undersøking utført for avisa blant 100 av dei 670 kyrkjeleiarane viser at meir enn 90 prosent av dei meiner at det anglikanske kyrkjefellesskapet framleis har verdi, trass vanskane.
Likevel er det lite som tyder på at striden er over. Biskopen i Los Angeles, Jon Bruno, avviser at bispedømet hans vil stanse velsigning av homofile par, skriv The Guardian.
Tilbakemelding
På den andre sida reknar ein med at bispedøme i Asia og Afrika vil halde fram med å føre tilsyn med kyrkjelydar i til dømes USA dersom dei vert bedne om å gjere dette.
Gafcon-gruppa skriv i ei pressemelding at dei vil studere resultatet av Lambeth-konferansen nøye og kome med respons etter eit møte i slutten av august.
Alle dei 38 anglinanske kyrkjeprovinsane har fått frist til i mars neste år med å gi tilbakemelding på pakta.