❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer
STARTER MENIGHET: Lotte og Børre Pedersen har ein draum om at det skal vekse fram ei levande kyrkje for unge menneske i sentrum av Ålesund. Foto: Halldis Bjerkvik Volle

Plantar kyrkje midt i byen

I Ålesund kommune er det mange kyrkjer og mykje aktivitet. Men i sentrum er det lite kristent arbeid. No arbeider eit ektepar ut frå kallet som kom for 20 år sidan om å plante ei kyrkje.

Publisert Sist oppdatert

Musikken dundrar ut frå gangen på Thon hotell til gata. Ved sidan av inngangsdøra signaliserer to flagg med teksten «Velkommen hjem» at dette ikkje er eit vanleg diskotek. Unge menneske handhelsar på alle som nærmar seg døra. I gangen innanfor står det kaffi, vatn og sjokolade saman med ein roll-up med teksten «Pinsekirka sentrum». Ein lilla lyskastar viser veg vidare til møtelokalet: eit vanleg konferanserom med kvite veggar. For anledninga er det rigga til med fem stolrader, instrument til eit band og lyskastarar.

– Eg er så spent på kor mange som kjem i dag. Det kan variere mykje, seier Børre Pedersen (43) medan han ser seg rundt og smiler. Kona Lotte Pedersen (44) står ved sidan av og smiler med heile seg.

I startgropa

Powered by Labrador CMS