«AVMASKULINISERING»: Pave Frans ser behov for at kvinners perspektiv kjem sterkare fram i Den romersk-katolske kyrkja
Gregorio Borgia
Paven ber teologar gjere kyrkja mindre maskulin
Kvinner reflekterer om teologi på ein annan måte enn menn, hevdar pave Frans. Norsk prest trur paven vil opne meir opp for kvinner i posisjonar.
Utspelet kom sist veke då paven snakka til Den internasjonale teologiske kommisjonen.
– Det er noko eg ikkje likar med dykk, om de vil tilgi meg at eg er ærleg, sa pave Frans i eit innlegg der han ikkje hadde manus.
– Vi treng å kome oss framover med dette. Kvinner har ein måte å reflektere over teologi som er annleis enn oss menn, sa paven ifølgje Religion News Service.