SPRÅK: Forfattar, filolog og tidlegare pater (prest) i Den katolske kyrkje, Kjell Arild Pollestad, er for fyrste gong ute med ei bok på nynorsk.
Alice Tegle
Pater Pollestad har gjort noko han lenge har hatt lyst til: – Det er herleg
Kjell Arild Pollestad har blanda tekstar og nyskrivne dikt til ein sjølvbiografisk «litterær jærsalat» – denne gongen på hjartespråket.
Kjell Arild Pollestad frå Jæren har lenge hatt eit ynske om å skriva og gje ut eitkvart på nynorsk.
Men som prest i den katolske kyrkja, der brorparten av medlemene har norsk som andre- eller tredjespråk, såg han seg stadig nøydd til å både forkynna og skriva på normert bokmål.
No er han 76 år gamal og «prest i unåde», som han seier sjølv,- og med det oppstod mogleiken til å endeleg kunna skriva og lansera eit litterært verk på sjølvaste hjartespråket.