MYKJE TID: Margrethe Henden Aaraas brukar mykje tid saman med faren Arne Henden.
NPK
Pårørande til demente er redde for å dra på ferie
Nasjonalforeningen for folkehelsen har hatt ein straum av telefonar frå pårørande til demente som er redde for å dra på ferie. Dei fryktar at dårleg bemanna helseinstitusjonar fører til omsorgssvikt for dei demenssjuke.
Demenslinjen er ein landsdekkjande hjelpetelefon som pårørande og andre som har spørsmål om demens, kan ringe til. Før fellesferien har pågangen vore stor og mange torer nesten ikkje å dra på ferie fordi dei fryktar for helsa til sine kjære.
– Nedbemanning og bruk av ufaglært helsepersonell gjer at mange pårørande vegrar seg for å dra på ferie. Dei fryktar at den sjuke ikkje får den hjelpa dei treng medan dei sjølve er på ferie, seier generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen, Mina Gerhardsen.
Viktige vanar