SISTE FINPUSS: Mange usynlege hårnåler må på plass før Juveriya Bhutta kan visa fram ei av dei fargerike bryllaupsdraktene frå Pakistan. Til høgre Marie Fongaard Seim i brurestakk frå Aust-Telemark.
FOTO: Margunn Sundfjord
Pakistansk bryllaup blant stabbur og bunader
Sommaren er høgsesong for bryllaup. Tek du turen til Norsk Folkemuseum, kan du i sommar få innblikk i pakistansk bryllaupsfeiring.
I rom etter rom blir vi møtte av fargesprakande og forseggjorde bryllaupsdrakter, glitrande og påkosta smykke, vesker og sko. Her er det ikkje spart på noko.
– Eit pakistansk bryllaup varer vanlegvis i tre dagar, og for kvar dag har brura eit nytt antrekk i ulike fargar, forklarar prosjektmedarbeidar Kari-Anne Pedersen som til dagleg arbeider som konservator og draktansvarleg ved Norsk Folkemuseum.
Ho er sjølv fødd og oppvaksen i India og ser klare likskapar mellom bruredraktene i Pakistan og folkedraktene i Noreg.
– Sjølv om mykje er ulikt, er det likevel utruleg mange mønster og mykje handarbeid som er likt, seier ho. Kari-Anne Pedersen minner også om at det ikkje er så lenge sidan det her i landet ˜g var vanleg å feira bryllaup i tre dagar til ende.
Livleg fest full av ritual
I Pakistan er bryllaupsfesten dei tre dagane full av livlege hendingar, ritual og symbol. Medan mange norske par må vera med på utdrikkingslag før dei gifter seg, må alle par i Pakistan delta på «Mehndi». Markeringa skjer dagen før brureparet skriv under ekteskapskontrakten, men er langt frå så utsvevande som mange norske utdrikkingslag. Gutar og jenter feirar kvar for seg med musikk og dans, og gåver til brur og brudgom. Brura ber denne dagen ei flott gul eller grøn drakt. Ho får dessutan eit sjal frå syster til brudgommen og blir pynta med hennamåling på hendene.
På sjølve bryllaupsfesten dagen etter inviterer familien til brura ofte heile landsbyar til ein kjempefest full av seremoniar, pomp og prakt.
Dagen etter, eller nokre dagar seinare, er det foreldra til brudgommen sin tur å invitera til fest. Målet er å stella i stand ei storslått feiring som overgå festen familien til brura arrangerte.
Meir enn pynt
Utstillinga om pakistanske bryllaupsskikkar er hovudutstillinga ved Norsk Folkemuseum i sommar. Det er også hovudmarkering deira av Mangfaldsåret 2008. Prosjektet er eit samarbeid mellom museet Lok Virsa i Islamabad, Riksantikvaren og Norsk Folkemuseum. Framsyninga står ut året.
Utstillinga av dei pakistanske bryllaupsdraktene er ikkje berre ei fryd for auga. Gjennom tekst, bilete og film får vi innblikk i historie, bryllaupsseremoniar, symbol og ritual.
Dei pakistanske bryllaupsdraktene har røter heilt tilbake til det mongolske imperiet i tida frå 1526 til 1857, men draktskikkane har endra seg i takt med nyskapinga og endringane elles i samfunnet. Utstillinga viser både tradisjonelle og moderne bryllaupsdrakter, og ikkje minst den store variasjonen i bryllaupsdrakter frå ulike deler av landet.
Pakistan er delt inn i fem ulike regionar som har sine særtrekk både når det gjeld natur, språk og kle. Ulikskapane er også store når det gjeld bryllaupsantrekk. Dette kjem særleg til uttrykk i kvinnedraktene der variasjonane er store både i fasong, farge og utsmykking. Pakistanarar i Noreg kjem stort sett frå regionen Punjab.
Utstillinga viser også at det kan vera store ulikskapar innanfor dei ulike provinsane, mellom by og land og mellom fattig og rik.
Dyr tradisjon
Ein bryllaupsfest som varer i tre dagar kan fort bli dyr moro. I Pakistan, som er eit sterkt klassedelt samfunn, er det stor skilnad på å vera fattig og rik når ein skal stella i stand bryllaup. Overklassen har pengar nok til å bruka store summar på bryllaupskjolar, smykke og festar, medan utgiftene til eit bryllaup kan vera tunge å bera for dei som har lite å rutta med.
Ekte bryllaup til hausten
Norsk Folkemuseum nøyer seg ikkje med ei utstilling om pakistanske bryllaupsskikkar. I august skal museet etter planen vera vertskap for eit ekte pakistansk bryllaup med 350 gjester.
– Vi veit ikkje heilt om vi får det til, men vi håpar det skal gå i orden, seier programansvarleg Britt Sande. Ho fortel at museet tek sikte på å få til ein bryllaupsfest som går over to dagar. Då kan publikum få oppleva ekte og levande pakistanske bryllaupsseremoniar på nært hald. Men bryllaupsmiddagen får du ikkje smaka på.
– Selskapslokala blir verna. Men alt som skjer før brureparet set seg til bords, blir ope for publikum, seier Britt Sande.