Stein E. Nyfjolling
Ordføraren kan bli felt av mogleg Russland-kontakt
Nettet snører seg saman rundt Bergliot Gaukhei. Kva skal ho med all kaviaren ho kjøper på Handelslaget kvar einaste veke?
Den folkelelege mistanken om uregelmessig kontakt med russarane har halde seg levande etter at ordføraren i fjor gav grønt lys til russisk-ortodoks overtaking av det gamle bedehuset på Krykkjebakkholmen.
Og det vart ikkje akkurat slutt på folkesnakket då russarane monterte opp så mange svære parabolantenner på veggane at det knapt var mogleg å sjå bedehuset igjen.
Hugnadsamt avbrekk