Opnar for samtalar om samanslåing

– Det kan bli aktuelt å snakke om samanslåing, men vi har ingen planar for det no, seier hovudstyreformann i Misjonssambandet.

– Når skal vi begynne å tenkje på samanslåing med Misjonssambandet? spurte Torgeir Skrunes i debatten underIndremisjonsforbundets generalforsamling i Ålesund førre veke. Skrunes er tidlegare kretsleiar i ImF Sør og leiar eit studentkollektiv i regi av Bergens Indremisjon.

Les også:Skrunes håper på brot med kyrkja

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nett-debatt

Debatten gjekk høg på Facebook i dagane etterpå der folk frå begge organisasjonar - og utanfrå - deltok i debatten. Dei fleste tok til orde for samanslåing.

«Ja til sammenslåing! Ser kun positive sider av den saken‬», skriv Linn Merete Urangsæter Peducassé, som tidlegare har vore misjonær for Misjonssambandet i Bolivia. No er ho aktiv i Bergens Indremisjon.

Ho utdjupar på sms til Dagen:

«ImF har godt av å skue utover egne landegrense. NLM får et bredere hjemmearbeid. Organisasjonene arbeider i dag mot samme mål, et arbeid som kan bli enda sterkere sammen. En felles organisasjon vil bli større og kunne opptre med større tyngde.»

Les også:Satsar på stor leiarsamling i indremisjonen

 

‪– Var ingen stemning

‬Generalsekretær Erik Furnes uttrykte i debatten på generalforsamlinga forståing for at ein stiller spørsmål ved om det er rett å fortsetje med eigen organisasjon med dei ressursane ein krev. Men han peikte på tilhøve som talar imot.

– I ein prosess vi tidlegare hadde med krinsane, var det ingen stemning for det. Det er heller ingen stemning for det frå Misjonssambandets side. Organisasjonsstrukturane er veldig ulike. De i forsamlingane elskar fridomen dykkar og kan ikkje tenkje dykk ein anna struktur. De i krinsane elskar fridomen dykkar. Misjonssambandet ser på ImF som ei sjølvstendig linje som ikkje freistar dei, sa Furnes til generalforsamlinga.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han viste tildet felles strategidokumentet som ImF, Misjonssambandet og Normisjon har utvikla om forsamlingar på bedehusa.

– Organisasjonen må aldri vere viktigare enn oppdraget, sa han.

Les også:Legg strategisk plan for bedehusa

– Trend å tenkje større

Hovudstyreformann Lars Gaute Jøssang iMisjonssambandet har registrert debatten om samanslåing og konstaterer at NLM og ImF står nær kvarandre på mange måtar.

- Er aktuelt å snuse på problemstillinga i det heile frå dykkar side?

– Det er mykje som er i endring i norsk kristenliv, både i kyrkja og i bedehusland. Det som ikkje var aktuelt for nokre år sidan kan få meir aktualitet no. Trenden i samfunnet er også å tenkje større einingar, seier Jøssang, som til dagleg er professor vedNLA Høgskulen i Bergen.

I Skule-Norge har det vore stort politisk trykk for å sikre fleire store einingar. For tre år sidan fusjonerte NLA i Bergen med Mediehøgskulen i Kristiansand og Staffeldtsgate i Oslo til ein NLA Høgskolen.

Les også:ImF vil ha sjølvstendige forsamlingar

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Ulik oppbygging

– Ville de vore interessert i samtalar viss ImF tok kontakt?

- Vi har god kontakt med ImF om mange spørsmål. Det kan bli aktuelt å snakke om det, men det føreligg ingen planar. Fordelen med samanslåing er at ein kanskje kan bli sterkare, seier Jøssang. Men praktiske tilhøve talar imot.

– Vi har ulik oppbygging av organisasjonane. Misjonssambandet er meir sentralisert og hovudstyret er sterkare enn ImF-styret.

- Det høyrest ut som du er meir open for samanslåing enn Misjonssambandet var for ti år sidan?

– Eg ser at ting er i endring, og då må ein spørje korleis ein skal leggje opp arbeidet i Noreg for at det skal vere mest tenleg for Guds rike. Organisasjonar og strukturar må bli meir sekundært og tidsavhengig. Men eg opplever ikkje at dette er ei sak som pressar seg på hos oss, seier Jøssang.

Les også:ImF-leiar open for samtaler om valmenighet

Fellesforsamlingar

Til no er det minst to forsamlingar som er innmeldt i både i ImF og i Misjonssambandet. Det er i Samnanger i Hardanger og på Flekkerøya ved Kristiansand.

– Kjem vi til å sjå fleire fellesforeiningar på lokalt plan?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det kan hende, men det er samtidig ei utfordring å tene to herrar, seier Jøssang.

Det felles strategidokumentet tilrår ein anna modell: At ein går saman om ei forsamling, men melder seg inn i berre den eine organisasjonen.

Les heile strategidokumentet om bedehusets framtidher.