AVSTEMMING: Baptistenes landsmøte stemmer over vedtak i sak om samlivsetikk.
Tarjei Gilje
Nytt homovedtak provoserer: Baptistar i Skien nektar å følgje eige landsmøte
Baptistkyrkja i Skien vil sjølv bestemme om dei skal tilsetje personar i likekjønna ekteskap eller ikkje. Konsekvensen kan bli suspensjon.
2. september vedtok Baptistforbundet sitt landsmøte at forbundet ikkje godkjenner at pastorar eller medlemmar av kyrkjelydsråd lever i likekjønna samliv.
Kyrkjelydar som bryt med vedtaket, kan bli suspenderte.
Ein av dei er landets eldste baptistkyrkje i Skien.