ABORT: Maria Elisabeth Selbekk, generalsekretær i Menneskeverd, og Cecilie Røinås, dagleg leiar i Velg Livet.
Menneskeverd / Sølve Depui Aksnes
Ny studie viser tydeleg samanheng mellom abort og psykisk uhelse: – Ikkje overraska
Vegen frå sjølvbestemt abort til psykiske plager er kort, ifølgje forskarar. Men det vert nærmast forsøkt dyssa ned, seier generalsekretæren i Menneskeverd.
Ein fersk rapport frå World Health Organization (WHO) fortel at om lag 73 millionar provoserte abortar finn stad over heile verda kvart år.
Men kva for nokre etterverknader kan provosert abort ha på kvinna som har valt å avslutta svangerskapet?
I åra 2006 – 2022 følgde forskarar meir enn 1,2 millionar svangerskap, inkludert 28.721 provoserte abortar i byen Quebec i Canada.