ARBEIDSGRUPPE: F.v. Reidulf Ørjavik, Andreas Grimstad Salbu og Magnus Villanger håpar Danielsen-skulen i Åsane vil starte hausten 2027.
Gunnhild Lønning
Ny Danielsen-skule på trappene: – Ein draumesituasjon
Den kristne skulen i Åsane vil etter alt å dømme opne hausten 2027.
Hausten 2024 gjekk ei gruppe eldsjeler saman om å opprette ein kristen barneskule i Åsane bydel i Bergen. I januar fekk Åsane kristne skule grønt lys frå Utdanningsdirektoratet.
No melder Bergens Tidende at skulen har selt godkjenninga til Danielsen-stiftinga.
– Ein draumesituasjon, seier ein av initiativtakarane Magnus Villanger til avisa.