FILOSOFISK:: I ei ny bok granskar Bjørnulf Hafstad livets store spørsmål frå Gjøvik frå teologisk og filosofisk hald.
Anders Artmark Aanensen
Ny bok om sanning: – Den kristne trua held mål
Kva er sant i ei verd der sanninga vert framstilt som relativ? I ei ny bok drøftar Bjørnulf Hafstad ulike filosofiske svar – men han er ikkje i tvil om kva han sjølv meiner.
I boka På sporet av sannheten - En filosofisk reise med Bergensbanen tek Bjørnulf Hafstad lesarane med på ei togreise frå Oslo til Bergen.
Undervegs møter hovudpersonen Gustav både truande, skeptikarar og filosofar som utfordrar han til å stilla livets store spørsmål på nytt: Kan me vita noko sikkert? Gjev trua meining i ei moderne tid?
Gjennom det Hafstad sjølv definerer som ein sakprosaroman utforskar han både sanning, tru og kjærleik frå kristeleg og filosofisk hald. Slik viser han òg at det ikkje treng å vera nokon motsetnad mellom tru, logikk og hjarta.