BOMBEROMMET: - Veggane har vorte dekorerte med bibelvers i laupet av denne krigen, seier Eyvind Volle.
Privat
Norsk prest i Israel meiner krigen byr på mogleikar: – Me har delt ut over 100 biblar
Rakettalarmar, bomberom og søvnlause netter har vorte kvardagen for norske Eyvind Volle og kona Siv Anita i Tel Aviv.
Det kjem stadig iranske rakettar mot Israel, og i helga vart storbyen Tel Aviv råka att. Ifølgje avisa Haaretz vart byen råka på minst seks ulike stader.
Nokon av dei som søkte tilflukt i eit bomberom under åtaka, var norske Eyvind Volle og kona Siv Anita.
Begge er utsendingar for Den Norske Israelsmisjon i Tel Aviv. Eyvind er teamleiar og pastor i Immanuelkyrkja sør i byen.