KONVERTITTAR: F.v. Mitra Mohadjer Iravani (Mitra) og Mohammed Zafarnejad (Madi) i heimen sin på Nærbø.
Alice Tegle
No kan dei bli henta når som helst
Utlendingsnemnda har opna opp for Iran-returar igjen. Konvertittane Madi og Mitra fryktar det verste.
Etter ein åtte månadar lang returstopp som følgjer av krig og uro, meiner UNE no at situasjonen i Iran ikkje lenger er så «akutt og uoversiktleg» som i januar, skreiv Dagen måndag.
Og med det har personar med endeleg vedtak om utreiseplikt til Iran, igjen plikt til å forlate Noreg.
Det kristne ekteparet, Mohammad Zafarnejad (Madi) og Mitra Mohadjer Iravani (Mitra), kan med andre ord bli henta av politiet når som helst. Ingen veit dagen eller timen.