VENTAR: Ingrid Bijleveld (40) frå Eindhoven i Nederland ønskjer å døy.
Bjørn Olav Hammerstad
No er småbarnsmora Ingrid (40) er eitt steg nærare å få dødshjelp
Ho har allereie forlate familien. No har også døden rykka nærare.
«E for eutanasi» står det i eit innramma bilde på matbordet i den nye leilegheita til Ingrid Bijleveld.
Tobarnsmora frå Eindhoven i Nederland slepp ikkje målet sitt av synet.
Lenge har ho hatt eit ønskje om å døy. Livet med familien kjennest meiningslaust. Årevis med terapi har ikkje gitt resultatat ho håpa på.