ENGASJERT KANDIDAT: Kari Sørheim frå Masfjorden har lang røynsle m.a. frå foreiningsarbeid og verv i Det Norske Misjonsselskap. I sommar kan ho verte NMS sin andre kvinnelege landsstyreleiar. Foto KPK

NMS kan få kvinneleg topp

Kari Skår Sørheim (60) frå Masfjorden i Nordhordland kan i sommar verte Det Norske Misjonsselskap (NMS) sin andre kvinnelege landsstyreleiar.

På generalforsamlinga i Bergen 9. - 13. juli stiller Sørheim mot Kjell Erfjord (68). Dagen Magazinet presenterer han i morgon.

Sørheim leier hovudkomiteen for generalforsamlinga, og har lang røynsle frå foreiningsarbeid og verv i NMS. Ho har også vore leiar for Bjørgvin bispedømeråd. Ho er varaordførar i Masfjorden og fylkessekretær for Hordaland KrF. Tidlegare har ho vore vararepresentant for KrF til Stortinget.



Sterkt misjonsengasjement

- Kvifor stiller du som kandidat?

- Eg har eit sterkt misjonsengasjement, og ønskjer å bidra der dei måtte ha bruk for meg. Eg vil vere med å utvikle NMS sitt misjonsarbeid. Det er viktig å halde fokus på det å forkynne evangeliet for alle folkeslag.

- Kva i din bakgrunn er mest nyttig i eit slikt verv?

- Eg har bakgrunn i misjonsarbeidet på grunnplanet, og har vore foreiningsleiar og drive barneforeining i 30 år. Samstundes har eg hatt ein del leiarverv som har lært meg mykje. Ikkje minst har tida i bispedømerådet gjeve meg solid leiarerfaring.

- Kva forhold bør NMS ha til Den norske kyrkje og til bedehuset?

- Det var gjennom bedehusarbeidet eg fekk mitt NMS-engasjement. Og eg meiner at vi må arbeide både på bedehuset og i kyrkja. NMS har alltid hatt eit nært forhold til kyrkja, men utviklinga der må vi følgje nøye med i. Vi vil vere ein del av kyrkja sitt misjonsarbeid, og ønskjer å utvikle samarbeidet om misjon.

NMS har ikkje tatt mål av seg å lage eigne forsamlingar, men eg synest det er spennande at vi i samarbeid med kyrkja er med å byggje kyrkjelydar i Stavanger og nokre andre område. Det er flott at vi kan bidra til å nå fleire med bodskapen i Noreg, men primært skal vi nå ut til område som ikkje kjenner evangeliet.



Ein innsats for Guds rike

- Kva ser du som hovudutfordring for NMS ute?

- Det er viktig å kalle unge menneske til teneste slik at ein får nok misjonærar. Vi treng unge, og eldre, som er villige til gjere ein innsats for at Guds rike skal vekse der kyrkja er svak, eller der det kanskje ikkje ein gong er ei kyrkje.

- Korleis kan NMS medverke til at Noreg hentar impulsar frå vekking og eit rikt åndsliv på nokre av misjonsfelta?

- Vi ser at til dels ganske unge kyrkjer sender misjonærar. Eg var nett i Thailand i påskehelga og fekk vere med på store ting som skjer der. Kristne som har opplevd evangeliet for første gong har ein stor glød for å vitne og formidle dette vidare.

Håpet er at deira tru og glød skal smitte over på oss. Eg trur at vi i Noreg og Europa kjem til å få bruk for desse unge kyrkjene sitt engasjement. Og eg helsar dei hjarteleg velkomne med engasjementet sitt inn i våre til dels stivna former.


DM