MISJON: Samson Olasupo Ayokunle er visepresident i World Baptist Alliance og Oluwafemi John er global misjonsdirektør for Den nigerianske baptistkonvensjonen.
Alice Tegle
Nigerianske John var misjonær i ti år før første personen blei kristen: – Mange gløymer kor viktig tålmod er
Baptistar i Afrika opplever eventyrleg vekst. Slik går nigerianske og tanzanianske misjonærar fram for å vinne sjeler.
– Ikkje mist fokuset. Ver tålmodig. Med bøn og tålmod vil ting endre seg gradvis, seier Oluwafemi John, eller «Femi», som han heiter i daglegtale.
Den nigerianske misjonæren veit meir enn dei fleste om kva som skal til for å lukkast med misjon i eit samfunn der ingen er interessert i evangeliet.
Nå deler han si suksessoppskrift.