For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

NASJONALSTAT: Frå den andre verdskrigen og utover meiner Skirbekk det har føregått ei utvikling som har svekt nasjonalstaten vesentleg i Vesten. Han ser dette i samanheng med ei antiautoritær bølgje som reiste seg i først i USA, på 1950-talet og utover 60-talet. Bildet er frå 17.-maifeiringa i Oslo.

- Nasjonalstatens verdiar held oss saman

Sosiologiprofessor Sigurd Skirbekk meiner fellesskapet vi tek for gitt, vil verte svekt om nordmenn ikkje har ein felles lojalitet mot verdiane som nasjonalstaten byggjer på.

Publisert Sist oppdatert

Nyleg gav han ut boka «Nasjonalstaten. Velferdsstatens grunnlag». Her ser han utviklinga av nasjonale verdiar i eit langt historisk perspektiv og dreg linene attende til den franske revolusjonen i 1789 og den norske grunnlova frå 1814.

- Før dette gav kyrkja verdireferansane, og kongen hadde den politiske makta, påpeikar Skirbekk. Dette endra seg i perioden som følgde.



Fem faktorar

Medan Frankrike utvikla seg til eit samfunn med tydeleg skilje mellom aristokrati og vanlege borgarar, vart dei norske statsborgarane meir jamstilte. I europeisk samanheng er Noreg rekna som eit av dei mest egalitære, eller minst sosialt lagdelte, landa.

- Vi fekk eit fellesskap om nasjonalstaten. Historikaren Arne Bergsgård har påpeikt at denne har fem føresetnader, seier Skribekk, og forklarer:

1) Språket. Dette handlar ikkje berre om at vi forstår kvarandre, men også om korleis vi med språket konstruerer verda rundt oss.

2) Religionen. Det er ikkje nødvendigvis slik at alle har det same tilhøvet til den evangelisk-lutherske trua, men det har vore ei felles tru, og kristendommen har ikkje vorte sidestilt med andre religionar, til dømes islam.

3) Ættefellesskapet. Statsborgarane opplever at dei høyrer saman med fortidige og framtidige generasjonar.

4) Landet. Ein kjenner ilknyting til sjølve området der den norske staten er etablert.

5) Den politiske historia. Ein identifiserer seg med grunnlova, utviklinga av demokratiet og så vidare



Europeisk variant

Skirbekk meiner det norske nasjonale fellesskapet er breitt, men er bunde i hop av felles lojalitet til dei fem punkta ovanfor. Han seier at flagget symboliserer noko av breidda i verdigrunnlaget til den norske staten.

- Elementa er jo henta utanfrå: Den kristne krossen og fargane frå franske revolusjonen. Men det nasjonale norske er den spesielle konstruksjonen og bruken av fleire faktorar. Det er ein norsk variant av noko europeisk, seier Skirbekk.

Han legg til at dette også kom til uttrykk gjennom kva politiske parti som kom til, på skalaen frå høgre til venstre, og etter kvart i ei presse som følgde det same mønsteret. Han meiner denne modellen har fungert svært godt.

- Det var dei same kreftene som dreiv fram nasjonsbygginga og demokratiseringa. Dette danna grunnlaget for nasjonal pliktkjensle og for at velferdsstaten kunne byggjast ut, seier han, og held fram:

- Det er sjølvmotseiande å vere for velferdsstaten og mot nasjonalstaten. Ein kan ikkje vente at framtidige generasjonar skal identifisere seg og kjenne pliktkjensle for å bere velferdsstaten vidare om dei ikkje kjenner tilknyting til nasjonalstaten. Om det berre er multikulturalismen og den liberale marknaden som er fellesnemnarane, vil det ikkje vere berekraftig, meiner han.



Antiautoritær bølgje

Frå den andre verdskrigen og utover meiner Skirbekk det har føregått ei utvikling som har svekt nasjonalstaten vesentleg i Vesten. Han ser dette i samanheng med ei antiautoritær bølgje som reiste seg i først i USA, på 1950-talet og utover 60-talet. Som døme på resultat av dette, nemner han at særleg amerikanske historikarar etter andre verdskrigen begynte å skrive om historia.

– Krigen vart meir einsidig gjort til ein kamp om individuell fridom medan det nasjonale aspektet vart nedtona. På denne måten kunne Sovjetunionen verte gjort til den nye fienden. I tillegg til denne politiske omskrivinga kom ungdomsopprøret på 60-talet og framveksten av forbrukarsamfunnet. Det vart upopulært å snakke om det nasjonale og om det religiøse som noko meir enn det den enkelte kunne få ut av det, seier han.

- Problemet er at denne samfunnsmodellen kjem til kort i møte med vår tids utfordringar. Det gjeld både utvikling av kriminalitet og avvik, familie og reproduksjon, tanken om meining og viljen til å ha ein sjølvavgrensande livsstil, legg han til.



Unngå sytekultur

Skirbekk meiner ei gruppe menneske, der alle har stemmerett, på eit geografisk avgrensa område ikkje nødvendigvis er eit demokrati.

- Det greske ordet demokrati er sett saman av to ord: demos og kratia, altså folk og styre. Ein må identifisere seg med fellesskapet og bli avhengig av det for at demokratiet skal fungere. Elles ender ein berre opp med grupper som slåst om å vere den mest foruretta, kort og godt ein sytekultur. Nedover Europa ser vi mange eksempel på at det ikkje er nok med juss for at demokratiet skal fungere, seier han, og slår fast:

- Vi har ein god tradisjon i nasjonalstaten som vi kan føre vidare.

Professoren hevdar at det å ta vare på denne tradisjonen er den beste strategien for å unngå både anarkiet og politistaten.


Powered by Labrador CMS