For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

☀️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

PREGAR PRATEN: Det er viktig at ein blir merksam på korleis ein ukritisk bruk av mediedebattar påverkar klassesamtalen om religion­, meiner professor­ Liv I­ngeborg Lied og stipendiat Audun Toft ved MF.

Muslimar og konservative kristne med felles svarteper

Underhaldande eller konfliktorientert materiale blir prioritert i religionstimane i norske klasserom. Det forsterkar eit negativt syn på islam og konservativ kristendom, meiner forskarar.

Publisert Sist oppdatert

Målet med religionsundervisninga i den vidaregåande skulen er å skape toleranse for religion i det fleirkulturelle samfunnet. Men no tyder ny forsking på at faget ofte kan vere med på å gjere det motsette.

– Vi ser at ein snakkar om dei ulike religionane på veldig forskjellig måte. Mykje handlar om at media set agendaen for samtalen i klasserommet. Konsekvensen er at spesielt islam blir diskutert innafor ei ramme som handlar om kva som er vanskeleg med islam i Noreg, fortel stipendiat Audun Toft og professor Liv Ingeborg Lied ved Menighetsfaktultetet.

Dei har sete bakarst i åtte klasserom på ein stor vidaregåande skule på Austlandet og observert over femti religionstimar. Inntrykket dei sit igjen med er tydeleg: Dei kontroversielle og ekstreme sidene ved islam blir trekte fram som det viktigaste, i motsetnad til når ein underviser om til dømes buddhisme. Det er ikkje uproblematisk, meiner forskarane.

Powered by Labrador CMS