DELT: I 2025 skjedde det ei splitting i Metodistkyrkja i Flekkefjord, då eit fleirtal melde seg ut og gjekk inn i Misjonskyrkja Norge.
Alice Tegle
Metodistkyrkje får ny prest: – Dei har vore gjennom ei tøff tid
Frå og med 1. april skal dialogpresten Lars Slettebø frå Bryne pendle til sørlandsbyen.
– Kyrkja har vore gjennom ei tøff tid. Eg er spent, men eg ser også veldig fram til å tene der, seier prest Lars Slettebø.
Han er i dag dialogprest og dagleg leiar i Kyrkjeleg Dialogsenter Stavanger. Den erfaringa trur han blir nyttig i den nye stillinga.
Delt etter LHBTQ+-vedtak