SALMEBOK: Bjørgvin-Biskop Ragnhild Jepsen saman med Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Bergen Mållag.
Odd Mehus
Merkedag for nynorsk salmebok: – Det kvardagslege vart gitt ei himmelhamn
18. desember er det på dagen 100 år sidan Nynorsk salmebok vart godkjent. Det vart markert i Bergen domkirke torsdag.
Markeringa av 100-årsjubileet skjedde i regi av Bergen Mållag.
Skvist inn mellom skulegudsteneste og konsert, var det sett av ein halv time til å markere at det på dagen var 100 år sidan nynorsk salmebok var godkjend.
– Det kvardagslege vart gjeve ei himmelhamn, og Gud vår skapar kjem til oss der vi ferdast, sa Bjørgvin-biskop Ragnhild Jepsen.