KRITISK TIL TRUMP: Sigrid Z. Heiberg er utanrikspolitisk talsperson i MDG.
Helle Hoås, MDG
Meiner Noreg bør betale for Trumps stans i milliard-støtte
Verdas helse-organisasjon må få meir pengar, meiner MDG. Dei trur resistente bakteriar blir ein større trussel enn koronakrisa.
– Det absolutt siste vi treng er at WHO ikkje får midlar til å drive arbeidet dei treng å gjere: kartlegge viruset, utvikle vaksinar og finne tiltaka som fungerer best, seier Sigrid Z. Heiberg, utanrikspolitisk talsperson i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG).
I morgon er det landsmøte i partiet. På grunn av koronakrisa kan dei ikkje samlast ansikt til ansikt, men vel å gjere det digitalt.
Det blir kraftige kutt i programmet, men ei ny partileiing skal veljast og ein hasteresolusjon med ti punkt om koronakrisa skal handsamast.