Jon Torger Hetland Salte er lokalpolitikar for MDG.
Helene Reite Uglem
MDG-ar og israelsven kritiserer eige parti:
– For sterke ord
Lokallagsleiar i Time MDG, Jon Torger Hetland Salte likte ikkje tonen til partiet sitt under valkampen.
Han vaks opp i ei pinsekyrkje utan israelsflagg på podiet, men vart ein ven av Israel likevel.
Han er også ein ven av Palestina, men det var først og fremst forvaltaransvaret, matjord og klima han hadde i tankane då han melde seg inn i MDG som 16-åring.
Det er også dette han syslar mest med i lokalpolitikken på Jæren. Dei jordnære tinga.