❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer
ADVENTISTKYRKJE: Adventistane på Ulsrud leiger ut desse lokala til Messiaskirken i Oslo frå september av.

Lutheranarar flyttar inn i søndagsfri kyrkje

– Vi er begge blant dei mindre økumeniske forsamlingane på skalaen, seier pastoren for den norsk-lutherske forsamlinga.

Publisert Sist oppdatert

Frå september av, flyttar Messiaskirken i Oslo gudstenestene sine frå Oslo sentrum til Adventistkirken på Ulsrud. Trass teologisk usemje, har dei kome fram til ei løysing.

Messiaskirken er avhengig av å leige dei røde dagane på formiddagstid. Det vil seie søndagar og heilagdagar. Adventistane held berre møte på laurdagar. Einaste gong det eventuelt vil overlappe er om 1. juledag fell på ein laurdag, men då flyttest møtet éin dag fram.

– No har vi forhandla om å få til ein kontrakt sidan mai og skal ferdigstille den i laupet av veka. Det har vore ein lang prosess. Adventistane er opptekne av sin tradisjon, medan vi er oppteken av vår. Vi er begge blant dei mindre økumeniske forsamlingane på skalaen, seier Eirik–Kornelius Garnes–Lunde, pastor i Messiaskirken i Oslo.

Powered by Labrador CMS