VIL SNAKKA MED ALLE: Lokallagsleiar i Time Senterparti og leiar for Senterungdommen Rogaland, Magnus Nedrebø, er open for å samarbeide både til høgre og venstre.
Helene Reite Uglem
Lokallagsleiar i Sp opnar for å samarbeida med borgarleg side
Viss Magnus Nedrebø hadde fått viljen sin hadde det gitt borgarleg fleirtal likevel.
Det kjem stadig borgarlege frieri til Senterpartiet, nå sist Høgre sin gruppeleiar i Trondheim, Mats Ramo.
– Vil Sp laga statsbudsjett med Raudt og la kjøtproduksjon overlatast til MDG, spør Ramo i Adresseavisen dagen etter valet.
Dersom Senterpartiet hadde byta blokk, ville det ha vippa fleirtalet over på borgarleg side.