HEIMKOMST: – Dersom eg skal knytte det til mitt arbeid med forfølgde kristne, tenkjer eg på konvertittar som har forlate ei anna tru og funne Bibelens Gud, seier Linda Askeland.
Bjørn Olav Hammerstad
Linda er så glad i dette biletet at ho angrar på at ho gav det vekk
Same året som han døydde, gjorde Rembrandt Bibelens kanskje mest vidgjetne likning til eit av sine meisterverk.
Originalen heng i St. Petersburg, men kopiar er spreidd i tallause versjonar og vore til i inspirasjon for langt fleire enn dei som har vitja museet i Russland. Mellom dei er Linda Askeland, informasjonsleiar i Åpne Dører. Biletet har følgt henne lenge.
– Kva er din umiddelbare reaksjon når du ser dette biletet?
– Rembrant seier mykje med korleis han brukar lys, skugge og mørke. Og der er alltid meir å oppdage i skuggane hans. Lyset her er på forsoning, tilgjeving, kjærleik, ømhet, svarar Askeland.