GJENREIST: Arbeidet med å gjenreise St. Jetmund kyrkje starta i mellomkrigstida. I 1957 vart kyrkja innvigd på nytt.
Privat
Kvifor reiv bygdefolket denne kyrkja - og bygde henne opp igjen to generasjonar seinare?
Sommarjobb med å slå plen rundt St. Jetmund kyrkje sende historikar Håvard Klyve Parr ut på ei årelang oppdagingsferd.
I dag ligg den vesle steinkyrkja utanfor allfarveg. Åheim heilt sør på Sunnmøre er ikkje lenger eit knutepunkt.
Dette var annleis då kyrkja vart reist for snart 900 år sidan. Avstanden til klosterøya Selja er berre ei mil i luflinje. Og Åheim ligg på andre sida av Stad, den forblåste knekken på vestlandskysten.
For sjøfarande kunne Åheim vere ein naturleg stoppestad. Det kunne vere nødvendig å vente på vêr som gjorde det forsvarleg å krysse det ofte så hissige havstykket.