☀️ SOMMERKAMPANJE 1,- ut august

Du kan betale med vipps Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer
MAKTENE: Kunstnarpresten Sigmund Lystrup under ei utstilling i Vestre Aker Menighetshus i Oslo i 1986. Materialbiletet har tittelen Maktene.

Kunstnarpresten frå Vinje

Presten og kunstnaren Sigmund Lystrup (1909-2006) var i 16 år prest i Vinje i øvre Telemark. Her kunne han og venen, forfattaren Tarjei Vesaas sitja og teia saman framfor peisen i mørke, kalde vinterkveldar.

Publisert Sist oppdatert

Ein kveld dei sat slik heime hjå Vesaas-familien, la Sigmund Lystrup merke til ein kubbe som var i ferd med å slokna i peisen. Kubben hadde ei underleg form. Det sa han til Tarjei. Då spurde Tarjei om han ville ha kubben. Jo, det kunne han tenkja seg. Den kunne nok brukast til eitt eller anna, den brende kubben, meinte Sigmund.

Seinare då peisen var blitt kald, pakka Vesaas den inn og fekk den sendt til Lystrup, som laga eit materialbilete av kubben med tittelen «Fuglane». Tarjei Vesaas sitt romanhovudverk ved sida av «Is-slottet» var nettopp «Fuglane» som kom ut i 1957. På denne måten hadde kunstnarane i Vinje utbyte av kvarandre, fekk gjensidig inspirasjon og utvikla eit godt menneskeleg venskap.



To kall

Dette kjem fram i biografien om presten og kunstnaren Sigmund Lystrup, skriven av journalisten og forfattaren Dag Kullerud (55). «Mellom alter og atelier» er tittelen på boka som kom ut på Verbum Forlag i fjor haust. Tittelen på boka avspeglar Lystrup sine to kall, både til å forkynna Guds ord reint og klårt, og samstundes vera kulturopen i sitt virke som kunstnar.

Dag Kullerud har elles tidlegare skrive biografiar om kristenleiarane Ole Hallesby (1987) og Hans Nielsen Hauge (1996).



Farge og kjensle

Sigmund Lystrup var prest i Vinje frå 1947-1964.

Lystrup sine tidlege bilete var figurative, men ikkje eigentleg realistiske, skriv professor i kunsthistorie ved Universtitetet i Bergen, Gunnar Danbolt, i ei oppsummering i boka. Utover på 1950-talet endra han stilen noko. Fargane vart sterkare og motiva mindre tydelege. Den vˆre stemninga vart erstatta av sterke kjensler, primært uttrykt gjennom fargen. Slik knytta han seg til ein lang europeisk tradisjon der samband mellom farge og kjensle stod sentralt. Dette innebar også at han tok steget inn i den nye abstrakte kunsten som fekk skikkeleg fotfeste i Noreg på 1950-talet. Men han gjorde det på ein annan måte enn dei øvrege abstrakte malarane, det er noko draumeakteg over bileta, som om han vil antyda ei forteljing, skriv Danbolt. Frå 1960 går Lystrup gradvis over til å laga materialbilete i eit tredimensjonalt uttrykk av tre, metall, stoff, spiker, glas, materialar som gjerne hadde eigne historiar og assosiasjonar. Som vedkubben frå Tarjei Vesaas sin peis som vart til «Fuglane».



Kunstnarisk gjennombrot

Sjølv om Lystrup hadde vore med på Høstutstillingen i Oslo fleire gonger, og var godt kjend som malarpresten frå Vinje, kom det store gjennombrotet med ei separatustilling i «Permanenten» i Kunstnernes Hus i Oslo i november 1958. Det var hans debut som separatutstillar. Utstillinga vekte oppsikt. Mest alle bileta vart selde. Det var i seg sjølv eit nyhende i mange aviser. Og riksavisene gav han rosande og positive omtalar. Noko dei fortsette med i årevis framover. Lystrup vart ein ettertrakta og etterspurd kunstnar ved både store og små kunstgalleri. Han får kjendisstatus. Aviser og vekeblad frå inn- og utland reiser til Vinje i Telemark for å møta denne mystiske kunstnarpresten.



Konservativ teolog

Hans kjendisstatus var knytta til aktivitetane i atelieret og ikkje til preikestolen. Dette understreka han også sjølv, at kunstnaren Lystrup ikkje kunne erstattast, mens presten Lystrup lett kunne skiftast ut med ein annan ordinert teolog. Sigmund Lystrup kalla seg sjølv ikkje berre konservativ teolog, men brukte uttrykket: «ortodoks» i sitt syn på Bibelen.

I 1964 søkte han avskjed i nåde i Den norske kyrkja for å bruka tida si på kunsten



– Kontroversiell i si samtid

– Er rolla med å både vera prest i kyrkja og anerkjend kunstnar ein belastning eller er ein styrke?

– Den gong var det nok meir kontroversielt enn det er i dag. Det var ikkje spesielt populært blant kristne at ein prest til dømes malte akt. Mange krinsar innan kyrkja har hatt eit relativt anstrengt tilhøve til kunst. Som kunstnar ville Lystrup vera fri og finna sitt eige uttrykk. Sjølv trivdes han godt i dobbeltrolla. Men han møtte ein del kritikk og skepsis frå begge leirar, seier forfattar Dag Kullerud til Dagen Magazinet.



Ville bli skodespelar

Sigmund Lystrup var tidleg i ungdommen fascinert av teater og kultur generelt. Han vurderte mellom anna å utdanna seg til skodespelar istadenfor å bli prest. Sigmund vedgår at presset frå foreldra var der, men samstundes var han i ettertid tydeleg på at han aldri angra på at han studerte teologi og seinare vart prest.

Då prestane i Den norske kyrkja i 1942 la ned embeta sine i protest mot nazistyret i Noreg, nytta Sigmund Lystrup høvet til å ta utdanning som kunstnar. Han kom inn på Statens Tegneskole og deretter studerte han ved Kunstakademiet.

Lystrup seier i eit intervju med journalist og forfattar Alfred Hauge i Stavanger Aftenblad i 1965 at han kom inn i ei krise i 16-17 årsalderen.

«Eg ville gjerne blitt skodespelar. Når eg ikkje kom til å gå den vegen, verka dèt med at eg skjøna mor og far ville bli lite glade for det. Ikke slik at dei nekta meg, det gjorde dei aldri. Men problemet var der...».



-Ein styggedom

– På 1930-talet vart det i enkelte kristne krinsar, særleg innan indremisjonsrørsla, sett på som ein styggedom å utdanna seg til kunstnar. Men det har jo endra seg svært mykje oppigjennom åra, seier Kullerud.

– Er verkeleg indremisjonsrørsla så kritisk til kultur og kunst som du vil ha det til i boka?

– Den har vore det. Alt som ikkje dreia seg om «det eine nødvendige» var dei svært kritiske til. Men som sagt, dette har endra seg med åra, seier Kullerud.

– Var bileta til Lystrup provoserande i si samtid?

– Å ja. Han laga jo nokre materialbilete med Kristus-motiv som var veldig provoserande i si samtid. Mange kristne reagerte negativt på dette. Men det kom nok av manglande forståing av kunst, meiner Kullerud.



Frå vest til aust

Sigmund Lystrup vart fødd på Kvamsøy i Møre og Romsdal, ytterst mot Stadhavet. Men familien flytta til Austlandet, først til Rælingen deretter til Lier der faren som var utdanna lærar, var skulestyrar. Både far og mor til Sigmund var kristne.

Sonen Sigmund var i ungdommen ein god skihoppar, han strekte seg til over 70 meter på sitt beste. Han var elles innom idrettar som segling og fotball. På grunn av ein skade i beinet måtte han gje seg seg med både fotball og hopping.

Han fann balansen i sine to kall, forkynna Guds ord reint og klårt, og laga bilete ut frå den skaparevna Gud hadde gitt han.


Powered by Labrador CMS