NØGD: Franklin Graham helsa på president Donald Trump under ei høyring for religionsfridomskommisjonen i Museum of the Bible på Washington i september.
Alex Brandon / AP / NTB
Kristne leiarar hyllar Trump for å arrestere Maduro
Evangelist Franklin Graham er mellom leiarane som takkar Donald Trump for intervensjonen i Venezuela.
«Kan du tru at vi har ein president som ikkje berre snakkar, men som handlar?» skreiv Graham laurdag på X.
«Eg er sikker på at folket i Venezuela sukkar letta ut over at denne vonde diktatoren, Nicolás Maduro, er borte. Utruleg arbeid av vårt modige militære som utførte dette strategiske oppdraget sist natt. Be for President Trump og teamet hans om at dei får visdom frå Gud når dei vurderer kva dei neste stega bør vere», held Graham fram.
Peikar på oljereservar