For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Kristen Trump-alliert får fyken etter avsløring

Jerry Falwell Jr. er ikkje lenger president ved eit av verdas største kristne universitet.

Publisert Sist oppdatert

Falwell har vore president ved Liberty University i Virginia. Søndag gjekk han til det uvanlege skrittet å skrive i Washington Examiner at kona Becki hadde hatt ein «upassande relasjon» til ein bassengassistent dei hadde møtt på ferie og som seinare hadde vorte ein forretningspartnar. Falwell opplyste at han og kona hadde forsont seg med kvarandre, men gjekk ut med saka fordi den unge mannen hadde prøvd å drive utpressing mot dei.

Måndag publiserte Reuters eit intervju med 29-åringen Giancarlo Granda som hevdar at han hadde ein seksuell relasjon med kona til Falwell gjennom sju år, fram til i fjor, og at ektemannen var fullt kjend med og aksepterte dette. Granda la også fram eit lydklipp og eit bilete som han meiner underbyggjer historia hans.

Falwell har på si side hevda at historia er «90 prosent falsk». Men tysdag vart det avklart at han går av som president ved Liberty University. Han får med seg ein sluttpakke på over 80 millionar kroner, ifølgje Washington Post.

Powered by Labrador CMS