FAMILIEFOKUS: Geir Edvin og Nina Frøen er leiarar i den kristne familieorganisasjonen Familiefokus.
Johanna Hundvin Almelid
Kristen organisasjon endrar profil: Slik vil dei nå fleire
Familiefokus markerer sitt 50-årsjubileum med ny logo og eit ynske om å løfta familien som grunnsteinen i samfunnet.
Familiefokus har fått ny visuell profil. Den kristne organisasjonen, som fyller 50 år i år, ynskjer å signalisera både fornying og retning framover med den nye logoen sin.
– Under ei samling i januar fekk me for oss at me ynskjer å nå fleire og hjelpa familiar til å ta ansvar, både heime og ute i samfunnet, seier Geir Edvin Frøen, som er leiar saman med kona Nina.
Og slik kom idéen om ein ny logo inn i biletet.