FOLKEHØGSKULE: Solborg folkehøgskule er ein kristen folkehøgskule i Stavanger.
Alice Tegle
Kristen folkehøgskule inngår samarbeid med universitet
Solborg folkehøgskule i Stavanger har inngått ein unik avtale med Universitetet i Stavanger (UiS) som gjer at elevar kan få formelle studiepoeng for eit år på folkehøgskule.
Avtalen gjev elevar mogleik til å få folkehøgskuleåret innpassa som studiepoeng i høgare utdanning, skriv NRK.
Elevar på linja «Explore Friluft» kan, dersom dei seinare vert tekne opp til relevante studium ved UiS, få inntil 35 studiepoeng i friluftsliv godkjende.
Studiepoenga vert gjevne av universitetet, men byggjer på undervisninga ved folkehøgskulen.