FEKK NEI: Danielsen skole AS søkte om å få driva kristen friskule i tidlegare Blomvåg skule.
Åse-May Solsvik Blom
KrF stemte imot kristen friskule
Danielsen skole AS fekk nei frå kommunestyret i Øygarden.
Blomvåg skule i Øygarden vest for Bergen vart våren 2022 vedtatt nedlagt. Skulen har hatt litt over 100 elevar og vert lagt ned på grunn av elevtalsprognose og økonomisk innsparing.
Danielsen skole AS søkte difor om å få kjøpa skulebygget og driva ein kristen friskule i bygget. Elevtalet sette dei til 80 elevar.
I søknaden til kommunen viste dei til ei foreldregruppe på mellom 25 og 50 familiar som har vist interesse, og fleire av familiane har meir enn eitt barn i skulealder.