For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

☀️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

RAKK IKKJE DONAU: Gerd Golombek kom for seint til kaia då skipet Donau frakta 532 norske jødar til konsentrasjonsleiren Auschwitz i 1942.

Kom for seint til «Donau» og unngjekk Holocaust

Gerd Golombek (87) er søskenbarnet til Betzy Rosenberg, den jødiske jenta som gøymde seg for nazistane i ein vegg i Trondheim.

Publisert Sist oppdatert

Av dei 532 jødiske fangane som blei deporterte frå Filipstadkaia i Oslo 26. november 1942, var det 302 menn, 188 kvinner og 42 barn. Då dei kom til Tyskland, blei dei frakta vidare til konsentrasjonsleiren Auschwitz. Av Donau-fangane overlevde berre ni menn krigen.

Denne lagnadstunge novemberdagen er Gerd Golombek 12 år. Nazistane har kalla inn ekstramannskap i politiet og rekvirert bilar og drosjer. Namnelister blir delte ut. Planen til Hitler er klar til gjennomføring, alle spor etter det norske jødiske miljøet skal fjernast. For godt.

Då drosja som skal frakte Gerd Golombek til fangeskipet kjem fram til kaia, er landgangen allereie teken. Båten ligg der framleis, men vakta på båten seier «züruck», «tilbake».

Powered by Labrador CMS