UBALANSE: – Klemminga på tribuna kan med fordel roast ned, medan klemminga på grasmatta kan spritast opp, seier fotballtrenar Norbert Røkling. På biletet er Krykkjebakksundet IL-tilhengjar Framstein Famlebust og ein besøkjande tilskodar frå nabokommunen.
Stein E. Nyfjolling
Klemming utanfor kontroll
Klemmeombud skal få meir balanse i klemminga på og utanfor fotballbana. – Eit naudsynt tiltak, seier fotballtrenar Røkling. – Eit overgrep mot tribunekulturen, seier lokal supporterleiar.
Dei årvisse lokalderbya mellom Krykkjebakksundet IL og naboklubben har i alle år ført til håndgemeng. Etter at NFF har slått ned på tribunebråk og truga med straff, har lokale supportarar dei siste åra forkledd slossinga som «klemming». No foreslår fotballtrenar Norbert Røkling klemmeforbod og at klubben tilset eit eige klemmeombud.
– Vi har problem med klemming på vårt eige lag også. Etter at samtlege spelarar skifta juridisk kjønn i mai i fjor, har klemminga vorte heilt feil.
– Kva er problemet?