HUSKJØP: Ekteparet Øivind og Linda Augland kjøpte nabohuset for å gjere disiplar. Det meiner dei at fleire bør gjere.
Karl Almedal
Kjøpte nabohuset for å gjere disiplar
Stadig fleire kristne organisasjonar startar opp kristne studentkollektiv. Ekteparet Linda og Øivind Augland er klar til å ynskje dei første studentane velkomne til nabohuset i august.
– Det er her det skal skje, seier Øivind Augland og bankar fingerknokane i kjøkenbordet.
– Her skal studentane ete middag saman, dele bibel og bøn, og sjølvsagt også ha bakekveldar og spele brettspel saman.
Fleire og fleire kristne organisasjonar kastar seg på trenden med å starte disippelhus. I Kristiansand hadde ekteparet Linda og Øivind Augland i fleire år drøymt om å starte opp eit disippelhus i nabolaget. I år vert draumen ein realitet.