LÆRDOM: Den første boka er tanketung og til lærdom og refleksjon. Den andre er lettlest og fascinerande som roman, og ettertenksam og sjølvransakande med tanke på sjølvmordet, skriv Johannes Kleppa.
Kamp mellom pengar og litteratur
Kaj Skagen gjekk inn i det vepsebolet som børs og katedral kan vera, og han fekk giftige stikk.
Voldsomme reaksjonar
Det har seg slik at i 1983 skreiv Kaj Skagen boka «Bazarovs barn», om «grunner og avgrunner i norsk litteratur». Boka framstår i stor grad som litteratur- og kulturkritikk, men Skagen definerer henne som roman. Boka skapte voldsomme reaksjonar i dei litterære miljøa og ein omfattande debatt, kanskje den mest omfattande som har vore om norsk litteratur. Då boka kom ut, tenkte eg å lesa henne, men det vart ikkje. Då eg las Skagen sin sjølvbiografi, der boka har ein sentral plass, tenkte eg også at eg måtte gjera det. Ved at eg no fekk henne til melding, har eg altså gjort det – og eg skjønar godt at det vart reaksjon og debatt av dette. Nokre få omtalte boka positivt, deriblant Olav H. Hauge.
Ideologisk og språkleg