KAKESTRID: Jack Phillips har gått gjennom heile rettssystemet i USA etter at han takka nei til å bake bryllaupskake for eit homofilt par og vart saksøkt for diskriminering. I Høgsterett fekk han medhald.
Brennan Linsley, AP Photo / NTB scanpix
Justisminister kallar kristen bakar modig
Strid om kake til homobryllaup er eit døme på kvifor justisminister Jeff Sessions opprettar ei gruppe som skal sikre amerikansk trusfridom.
Siktemålet er å utfordre det justisministeren kallar ei farleg rørsle som «undergrev vår sterke tradisjon for religionsfridom». Då han lanserte tiltaket på måndag, forklarte Sessions at det er eit resultat av presidentordren Donald Trump gav i fjor haust. Denne sa at offentlege føretak skal verne trusfridomen. Sessions påpeikar at ein også vil minne tilsette i Justisdepartementet om at dei pliktar å ta omsyn til truande menneske.
– Denne regjeringa er driven av det same amerikanske synet som har vore førande for oss i 242 år - at kvar amerikanar har rett til å tru og tilbe, og til utøve trua si i det offentlege romet, sa Sessions.
Lovar å ta omsyn