ENDETID: J.D. Vance seier han alltid har vore fascinert av spørsmål om endetida, men ikkje veit om vi lever i dei siste tider.
Alex Brandon / AP / NTB
J.D. Vance: – Ikkje sjokkert om Antikrist går blant oss
Den amerikanske visepresidenten snakkar om trusliv og endetid i podkast med kristen 22-åring.
Denne veka deltok Vance i podkasten til den kristne influensaren Bryce Crawford (22). Han har over ein million følgjarar på YouTube og til saman over sju millionar på TikTok og Instagram.
– Eg har vore i møte med verdsleiarar der somme vil seie noko eller gjere ein observasjon, og eg vil kjenne eit visst mørker rundt det. Det utløyser alle åndelege alarmbjeller i kroppen min, seier Vance i podkasten.
Open om tvil