SAKNAR KONTAKT: Jærtun-lærarar har teke kontakt med media i håp om å få til ein betre dialog med skulestyret.
Alice Tegle
Jærtun-lærarar vurderer å sei opp
– Me har mista all tillit til skulestyret, seier fortvilte tilsette ved Jærtun lutherske friskule på Bryne.
– Skuleåret starta ikkje slik som verken leiinga eller tilsette hadde sett for seg, stadfester ei gruppe Jærtun-tilsette Dagen har snakka med.
I vår sa rektor Andreas Årikstad opp.
Han trekte seg på grunn av eit nytt profildokument, der styret forklarer korleis skulen skal halda seg på evangelisk-luthersk grunn. Profildokumentet inneheld mellom anna tydelege avgrensingar mot mellom anna karismatisk kristendom.