Representant: Sofie Marcelie Hopshaug-Bakke var med på eit økumenisk ungdomsmøtet i forkant av generalforsamlinga til kyrkjenes verdsråd, men fekk ikkje vere med på sjølve møtet.
Gjermund Øystese
Ingen under 30 i den norske kyrkje-delegasjonen – Sofie (22) fekk ikkje bli med
– Ein snakkar mykje om at ein saknar ungt engasjement, likevel verkar det som dei ikkje tar unge på alvor, seier Sofie Marcelie Hopshaug-Bakke.
I desse dagar samlast 4.000 representantar frå 352 medlemskyrkjer til Kyrkjenes verdsråd si generalforsamling i den tyske byen Karlsruhe.
Sofie Marcelie Hopshaug-Bakke er leiar for Ungdomsrådet i Nidaros bispedømme.
Ho reagerer på at det ikkje er nokon under 30 år i den norske delegasjonen.