STEMMER I FOR NY SONGBOK: Redaktør for "Sang i Norge", Tormod Bjørnstad (t.v), testar ut nokre av songane i den nye songboka saman med fagsjef Magnar Osland og musikar Gabrielle Sørensen.
Foto: Margunn Sundfjord, NPK
I bresjen for ny songbok
Song og musikk har magre kår på mange norske skular, meiner initiativtakarane til prosjektet «Sang i Norge». Det skal det no bli ei forandring på. I desse dagar blir det jobba på spreng for å få ferdig ei ny, stor songbok for alle norske barneskular.
– Vi bad heile Noreg koma med forslag til songar dei ville ha med i boka, og responsen har vore heilt utruleg. Folk i alle aldrar frå heile landet har sendt inn forslag. Pågangen var så stor at vi til slutt måtte ta ned nettsidene våre, elles ville vi ikkje makta å ta hand om alle tilbakemeldingane, seier redaktør for den nye songboka, Tormod Bjørnstad. Han fortel at redaksjonen til saman har fått inn forslag til 633 ulike songar. Om lag 450 songar får plass i boka.
Blant forslaga finn ein alt frå klassiske songar som «Kom, mai du skjønne milde», nasjonalsongen og salmar til morosame og rampete barnesongar, internasjonale poplåtar og meir lokale slagerar som «Imella multebær og mygg» – ein hit på alle barneskulane i Finnmark.
Dansk idè
«Sang i Norge» er eit samarbeidsprosjekt mellom Senter for pedagogiske tekstar ved Høgskolen i Vestfold, Musikk i Skolen og Rikskonsertane.
Idèen er henta frå Danmark som hatt stor suksess med eit liknande prosjekt.
– Eit sakn
– Korleis forklarer du den store interessa for prosjektet her i landet?
– Eg trur faktisk det har vore eit sakn etter at den store, flotte songboka til Mads Berg døydde ut, seier Bjørnstad. «Skolens Sangbok» av Mads Berg kom ut for første gong i 1914, og var i mange tiår ein institusjon i musikkundervisninga i norsk skule. Siste utgåve av boka kom i 1982.
– Vi har gått ut med at vi vil laga noko tilsvarande. Målet er å foreina den gamle kulturskatten med dei moderne songane som lever hos barn og unge i dag. Utfordringa er sjølvsagt å velja ut dei nye songane som vil leva vidare, seier songbokredaktøren.
Den nye songboka får difor ei blanding av både gammalt og nytt, kjent og mindre kjent i ulike sjangrar.
Samansett redaksjon
Til å velja ut songane som skal vera med i boka har prosjektleiar Arve Amsrud og redaktør Tormod Bjørnstad fått med seg ei redaksjonsgruppe på ni personar. Gruppa er sett saman av Nils Abrahamsen frå NRK; Gry Bråtømyr, konsulent i Norsk Rockforbund; Guro von Germeten, produsent i Rikskonsertane; lektorane Signe Kalsnes og Vegar Storsve frå Noregs musikkhøgskole; visesongaren Lars Klevstrand; stortingsrepresentant og visesongar Tove Karoline Knutsen; Harald Myklebust, høgskulelektor ved Norsk Lærarakademi; og Eli Storbekken, ein av dei fremste folkemusikarane her i landet.
– Har det vore stor usemje i gruppa om kva songar som skal få plass i boka?
– Nei, vi har faktisk ikkje hatt ein einaste tung og vanskeleg diskusjon. Eg er så imponert over kompetansen og engasjementet til medlemmene i gruppa, seier Bjørnstad som meiner medlemmene utfyller kvarandre på ein god måte.
– Mange negative tekstar
– Vi har gått grundig gjennom kva songar som skal vera med i boka. Det viktigaste kriteriet vårt har vore kvalitet både når det gjeld melodi, rytme og tekst, seier han og kjem med eit hjartesukk når det gjeld dårleg lyrikk og musikk i mange moderne songar.
– Vi finn også mange negative tekstar. Mange handlar om mangel på håp og håpløyse. Eg ville ikkje som lærar ha valt å syngja slike songar i skulen, det ville vera problematisk. Både ein del moderne og ein del tradisjonelle songar har vi difor måtta velja bort på grunn av teksten. Kjenneteiknet på ein del av songane som har overlevd, er at dei har ein spire av håp i seg.
– Den eldste songen som er med, er ein såkalla Maria-song frå 1200-talet. Songen er ei bøn om å bli skåna for pesten.
Songar frå innvandrarmiljø
Folkemusikk frå dei største innvandrarmiljøa i Noreg får også plass i den nye songboka. Mellom anna tradisjonsmusikk frå Somalia, Vietnam og Irak.
– Dette er musikk som aldri før har vore publisert her i landet. For første gong er det gjort opptak med vietnamesarar, somaliarar og andre innvandrarar som har sunge inn sine eigne songar. I tillegg til å trykkja teksten i boka, vil songane bli lagde ut som lydfiler på ei eiga heimeside. Heimesida vil ˜g gje informasjon om songane, komponistar og forfattarar.
For at den nye songboka og heimesida skal bli teken i bruk, satsar Musikk i skolen på å halda kurs for lærarar. Allereie i april tek musikaren Gabrielle Sørensen lærarar i Bergen og Oslo med på «ei jordomsegling» for å læra bort songar frå heile verda og gje tips og råd om korleis dei kan bruka song og musikk i klasserommet.
Gratis klassesett
Den nye songboka skal vera ferdig til skulestart 2008. Boka får eit førsteopplag på rundt 80.000 eksemplar og blir ei av dei største bokutgjevingane i Noreg. Takk vera over tre millionar kroner i støtte får alle norske barneskular eit gratis klassesett av boka.
– Vi tek sikte på å senda ut boka i første delen av september. I tida fram til 15. september oppmodar vi skulane til å øva. Då vil vi prøva å få til «Songens dag», eit landsdekkjande arrangement der elevar over heile landet kan syngja frå boka, seier Tormod Bjørnstad.