HAR FÅTT NOK: Prest Gunther Theiss i Ræge kyrkjelyd i Sola utanfor Stavanger.
Alice Tegle
I 20 år har Den norske kyrkja prøvd å finne ut kven som skal bli den nye sjefen til Gunther og prestekollegaene hans
– Nå har me gått lei, seier sokneprest Gunther Theiss om det møysommlege arbeidet med å organisere Den norske kyrkja på ny.
Det er berre dagar før Kyrkjemøtet skal stemme over ei av dei største strukturendringane i Den norske kyrkja (Dnk) nokon gong.
Kyrkjerådet har lagt seg i selen for at alle skal bli høyrt, men hadde dei eigentleg trengt det?
– Eg er ikkje den einaste presten som har gått litt trøtt heile greia, seier prest Gunther Theiss i Ræge kyrkjelyd i Rogaland.