KRFU: Ingrid Olina Hovland ønskjer ein debatt rundt talet på toppleiarar med Ap-tilknyting i Noreg.
Audhild Høivik
Hovland i hardt vêr: – Spreier mistillit
KRFU-leiar Ingrid Olina Hovland får kritikk for å liste opp toppleiarar med Ap-tilknyting. – Ugreitt å fuzze opp mistilliten der vi er no, meiner partikollega.
Onsdag ettermiddag la KRFU-leiar Ingrid Olina Hovland ut eit Facebook-innlegg med ei liste over samfunnstoppar med Ap-tilknyting, skriv Vårt Land.
Riksrevisor, Økokrim-sjef, LO-leiar, direktør i Arbeidstilsynet og «alle i regjeringsapparatet, ministrar og statssekretærar» blei nemnt i lista som ho fekk ei «uggen» kjensle av.
Det skapte reaksjonar.