I STOVA: Inne på stabburet er det den vesle stova som er staden der Solveig Nome likar seg best. – Gamle Simeon seier jo at no kunne han fare i fred fordi hadde han fått sjå Jesus. Den staden i stova er ein stad som er viktig for meg.
Inga Lill Nord Nyvoll
Ho lagar julestove i stabburet
Tidlegare songevangelist opnar julestabburet på garden for å skape julestemning år etter år. Men julepynten er ikkje viktigast for henne.
På Stårheim i Nordfjord står julestabburet på Mikkelsgard pynta til jul tidleg i desember kvart einaste år. Her sel familien Nome juletre og byr på julemusikk og gløgg i det gamle stabburet.
Solveig Orheim Nome har over 50 år bak seg som songevangelist. Både åleine og saman med systera Jorunn reiste ho med songen og musikken på møter og stemner fleire stadar i Noreg, særleg i Nordfjord. Gitarane heng enno på veggen heime.
– Julestabburet har vorte eit eventyr år for år. Og at det skulle bety så mykje hadde eg ikkje trudd. Vi held på her på garden, sjølv om dei unge no har teke mykje over, og som eg seier til mannen min: «Samme prosedyre som i fjor», seier 67-åringen smilande.